Kva skjer med den private velferden?

Arrangementsinformasjon

Kva skjer med den private velferden?

Tour de KÅKÅ|nomics i Haugesund!
I samarbeid med Øyo-biblioteket.

TID: Torsdag 14. oktober kl. 20:00
STAD: Haugesund folkebibliotek

Arrangement er gratis ( NB: 10,- for plassgaranti)

Kor stor rolle skal private, kommersielle aktørar spela i velferdsstaten? Dette spørsmålet er eitt av dei som tydelegast markerer skilje mellom høgre- og venstresida i norsk politikk. For høgresida er private tenesteytarar med på å gi valfridom, nyskaping og effektivisering i helsevesenet, barnehagesektoren og andre delar av velferds-Norge. For delar av venstresida er dei derimot «velferdsprofitørar» som tener seg rike på tenester som me alle har rett på, og som me i fellesskap betaler for.

I Haugesund vart den private barnehagekjeda Trygge Barnehager/FUS grunnlagt. Den har i dag 170 barnehagar over heile landet. Eigarane ønskjer å utvida aktiviteten også til andre typar velferdstenester.

Men kva skjer etter stortingsvalet? Vil ei ny regjering stramma inn vilkåra for dei private? Blir spørsmålet om private helsetenester ei av dei store sakene som markerer at me har fått eit nytt politisk fleirtal, eller blir det først og fremst ei stridssak mellom Jonas Gahr Støres regjering og partia på ytre venstre? Kva endringar kan – eller bør – koma for dei som har satsa på denne marknaden, og kva får det å seia for alle oss som bruker velferdstenestene?

Deltakarar:

– Kristin Clemet, tankesmia Civita
– Tiril Rustand Halvorsen, tankesmia Agenda
– Sissel M. Skoghaug, nestleiar Fagforbundet
– Eli Sævareid, barnehagegründer
– Arne-Christian Mohn, ordfører Haugesund kommune

Kommentatorar:

– Emil Andre Erstad, Vårt Land
– Svein Tuastad, Universitetet i Stavanger
– Einar Tho, Haugesunds-avis

(Panelet kan bli supplert med lokale eller nasjonale politikarar)

Debattleiar: Tom Hetland, kommentar, kritikar og historikar.

Samarbeidsavis: Haugesunds Avis

Arrangementet er eit samarbeid mellom Tour de KÅKÅ|nomics og Øyo-biblitoeket

Tour de KÅKÅ|nomics, debatturnéen som kvart år drar rundt om i Rogaland i forkant av økonomifestivalen KÅKÅ|nomics i Stavanger, er i år utvida til fem stader: Sauda, Haugesund, Bryne, Sandnes og Egersund. På kvar av stadene skal me debattera tema med lokal relevans, men som også har interesse for eit større publikum. Dei som ikkje kan vera til stades i salen, kan følgja debattane på nett, enten på www.kknomics.no eller på nettsidene til lokalavisene me samarbeider med.