page view image

Kari Veiteberg: Tru - Håp og livsmot når det røyner på

Kva vil det seie å tru i vår tid? «Mi tru dreier seg om noko heilt konkret. Tru er noko eg gjer – eg tenner lys, nynnar til salmar, feirar høgtider – ofte saman med andre.» Det skriv tidelegare biskop i Oslo, Kari Veiteberg, i si kloke og tankevekkande bok om tru, håp og livsmot.

Information
event image

Tru handlar om dei praktiske og sanselege sidene ved kristentrua. Søndagsgudstenesta med bøn og salmar. Dei store kyrkjeromma. Dåp, bryllaup og gravferd. Rituala og tradisjonen kan være noko å støtte seg til, og dei er ramma rundt eit fellesskap som kan bære både deg og håpet. Kanskje er tru og håp to sider av same sak? I denne boka, som er skrive i ei tid prega av terror og grusomme krigshandlingar, deler den folkekjære presten sine tankar og erfaringar.

Kari Veiteberg er prest. Ho er dr.theol., og tidlegare gateprest og biskop i Oslo. Veiteberg har skrive fleire bøker, mellom anna Bibelens kvinner, Evas døtrer og Bibelen på 200 sider. I 2020 blei ho tildelt Målprisen for «å bruka språket på ein måte som gjer trua nærare for dei som trur, og meir levande for dei som ikkje trur».

Arrangeres med tilskot frå Haugesund Mållag og Norsk Kulturråd