page view image

Bokslepp: Idas Kjøkkenhage

Bokslepp med Ida Kleppe fra NRK-serien "Draumen om eit småbruk".

Information
event image

Velkommen til bokslepp!

Har du lyst på din eigen kjøkkenhage? Kanskje få til eit bognande epletre, ein freistande bringebærbusk eller flotte grønsaker? Du treng ikkje grøne fingrar for å dyrke din eigen mat. Samarbeider du med naturen, kan du dyrke grønsaker, frukt og bær på ein enkel måte som gjer godt for både deg, insekta og jorda. Det kan vere i ein hage, på ein balkong eller endåtil i ein vindaugskarm. I denne boka lærer du enkle teknikkar for å dyrke økologiske grønsaker med suksess. Her får du vite alt du treng om grønsaker, frukt og bær, du får lære korleis du skal så frø, vatne og gjødsle, og ikkje minst korleis du vert kvitt sniglane.

I denne boka fortel også Ida Kleppe om den reisa ho og familien gjorde frå storbyen til småbruket. Ho fortel levande og varmt om oppturar og nedturar, og gir oss eit innblikk i kva som gjorde at dei valde å følgje draumen om eit liv på landet.

Ida Kleppe (f. 1979) er bonde, foredragshaldar og regissør. Ho er utdanna journalist, og jobba ei årrekke med dokumentarfilmproduksjon. I 2018 vart Ida den fyrste bybonden i Bergen. Dokumentarserien «Draumen om eit småbruk» (NRK og AltiboxX) har følgt Ida og familien hennar etter at dei kjøpte eit forfalle småbruk på Vestlandet og gjorde det om til levebrødet sitt.