© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Turistane kom til Odda og Hardanger allereie på slutten av 1800-talet. Ikkje for å gå til Trolltunga, men for å sjå fjell og fjord og beundre Tyssestrengene og Ringedalsfossen, som var blant dei høgste og flottaste fossefalla i landet. Men så kom kraftutbyggarane og anleggsarbeidarane med slegger, bor og dynamitt, for å bygge den norske velferdsstaten. Odda og Tyssedal vart industristader, dei staselege fossane blei lagde i røyr, og turistane forsvann.
Dette er ei absurd og underhaldande historie om flaks, tilfeldigheiter, smart marknadsføring og sosiale medium. Det handlar om masseturisme, leiteaksjonar, villcamping, køar og trafikkaos, og om eit lokalsamfunn som har evne til å snu seg rundt.
I dag er ringen slutta, turistane er tilbake, mykje takka vere Trolltunga.
Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje. Der har han arbeidd i både radio og TV, og gjort alt frå å vere nyhendeopplesar og programleiar til å lage humorprogram. I seinare tid har han jobba med Eides språksjov, saman med Linda Eide. Han har tidlegare skrive to bøker saman med Finn Tokvam, romanen Tyl og samtaleboka Ler dei no så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland. Særleg suksess har han hatt med bøkene Vestlandsvegar og Fleire vestlandsvegar frå 2021 og 2022. Bøkene handlar om livet langs dei ville og spektakulære vestlandsvegane, og dei hausta uvanleg god mottaking og nådde mange lesarar då dei kom. I kjølvatnet av bøkene om livet på dei gamle, berykta vegane er ei bok om ferjene eit naturleg framhald, og i 2024 kom boka Ferjefolket.