Forfattarbesøk: Marit Eikemo

Kritikar- og publikumsyndling Marit Eikemo kjem til biblioteket!

page view image
Arrangementsdato

torsdag 30 jan 2025 19:00

Slutter torsdag 30 jan 2025 20:00
BESTILL

Tilgjengelige varer

Vaksen - earlybird
Utsolgt
Vaksen
event image

Arrangementsinformasjon

Marit Eikemo, som sjølv voks opp i Berjaflotvegen 9, har skrive ei underhaldande og rørande forteljing om eit hus, ein familie og ein industristad. Boka er ein sørgjesong og ei kjærleikshistorie om alt som går tapt, om det som formar oss og om krafta som held oss i live.

"Et hus, fem brødre – og eventyr av levd liv stiger fram. I Marit Eikemos elegante fortelling om egen familie er det alvor og kjærlighet, omsorg og humor ... Eikemo tegner en familiehistorie få kan vise til og skaper en fortelling som utmerker seg ... Her kan hun få sitt store gjennombrudd, for denne boken fortjener å bli lest av mange ... Vi er brødrene Eikemo er en liten bok, men et storslått lerret av en fortelling fra et hjørne i Norges industristedshistorie.» Guri Hjeltnes, VG -  Terningkast 6

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og leiar for Cornerteatret i Bergen. Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar. Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje

Organizer
Haugesund folkebibliotek