Forfattarbesøk: Anne Gunn Halvorsen - Mitt internett - Då www kom til Noreg

Korleis vart interenett ein del av oss? Dette spørsmålet utforskar Anne Gunn Halvorsen i boka som tar utgangspunkt i hennar eigen oppvekst i ei bygd i nittiåra.

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Gjennom dagboknotat og intervju med gamle venner og kjærastar, fagfolk og programmerarar fortel ho historia om då internett kom til Noreg: ein unik epoke i norsk mediehistorie då samfunnshierarkiet vart snudd opp ned og barn og unge vart superbrukarar.

Det handlar om teknologien, politikken og driftene som gjorde internett til allemannseige. Dette er også ei bok om den første generasjonen som levde ungdomstida si digitalt. Dei som brukte kvar ledige stund til å snakke med framande på nettet utan at foreldra ante kva dei dreiv med. 

Kva gjorde det med dei? Og kvifor nektar dei no eigne barn å oppleve det same? 


Nyttårsforsett: Vere mindre på internett?
Anne Gunn Halvorsen, skuledagbok,
januar 2000

Organizer
Haugesund folkebibliotek