page view image

Novellefestivalen: Novellefest med Gaute M Sortland, Bergen Mandolinband og gjest Steve Riley

Me avsluttar den første Novellefestivalen med eit forfatterbesøk og ein konsert!

Informasjon
event image

Gaute M. Sortland er Haugesunds eigen novelleforfattar, med fem novellesamlingar bak seg. Ein underfundig stil kjenneteiknar forfattarskapen, noko som skapar stemning i tekstane og gir dei både humor og djupn.
Sortland er også musikar, og kjend frå bandet Bergen Mandolinband.

Me avsluttar årets festival med en heilaften på Vangen Pling Plong, med Sortland og hans noveller, og konsert med Bergen Mandolinband og ein ekslusiv gjest!
 

Steve Riley blir av mange rekna som verdas fremste cajuntrekkspelar. Heilt sidan han var tidlig i tenåra turnérte han med cajunlegenda Dewey Balfa, og seinere har han og samarbeidd med folk som Eric Clapton, Robert Plant, Elvis Costello, Willie Nelson, Paul Simon og Doug Kershaw. Steve Riley er også ein framifrå vokalist og felespelar.

Bergen Mandolinband blir leia av folkemusikaren Olav Christer "Laffen" Rossebø og forfattar og musikar Gaute Sortland. Olav Christer har studert amerikansk folkemusikk gjennom mange år med studieturar og turnéar i USA og har særlig fordjupa seg i cajunmusikken frå Louisiana. Tradisjonsmusikken blir kopla saman med solide tekstar på norsk av vokalist og forfattar Gaute Sortland, og slik blir musikken ei blanding av det beste frå cajunland og det verste frå Vestlandet. Mørkt, sorgmuntert og særeige. Bandet har også signert ei rekke låtar sjølve.

"Bergen mandolinband har drevet med akkurat dette i 20 år, og nå virker det som de har nådd helt til topps - eller til bunns - i sitt prosjekt. De har nådd kjernen." - Alisa Larsen, Bergens Tidende

 


Gaute Sortland - opplesing, vokal og gitar

Olav Christer Rossebø - fele og mandolin
Ingemund Askeland - banjo og munnspel
Kjetil Olai Lunde - kontrabass
Anne Lise Frøkedal - el-gitar og vokal
Ingeleiv Berstad - vokal, fele og triangel
Steve Riley -  trekkspel, fele og vokal

Novellefestivalen blir arrangert med tilskot frå Norsk Kulturråd, Haugesund Folkebibliotek og Haugesund Mållag