Novellefestivalen 26: Novellefest med Frode Grytten
Novellemeister Frode Grytten åpnar Novellefestivalen 2026!
Eit bur som ventar på ein fugl
Novella er romanens slanke fetter. Ingen bryr seg om novella. Ein novelleforfattar er ein som øver seg på å skrive roman. Ein novellelesar er ein skuleelev som må leite etter verkemiddel i ei novelle frå femtitalet. Ei novellesamling er ei bok som marknaden erklærer stein død bare ved å sjå åtte bokstavar på omslagssida: N-O-V-E-L-L-E-R. Det er heller ingen som kan definere kva ei novelle er. Men fortvil ikkje, her kjem Frode Grytten til Haugesund bibliotek for å rydde opp i novellekaoset. Hans føredrag er eit entusiastisk og humoristisk forsvar for novellesjangeren. Grytten forelska seg i novella som ung mann, og som aldrande mann er han stadig like forelska. Ja, som han seier i føredraget: Mens romanen er eit humørlaust ekteskap, er novella ei heftig kjærleikshistorie.
Novellefestivalen arrangeres med tilskot frå Haugesund Mållag og Norsk Kulturråd.