page view image

Forfattarbesøk: Bjørn Hatterud - Far levde, og så var han død

Bjørn Hatterud har hatt stor suksess med bøkene Mot normalt, Blokka på Bjerke og ikkje minst Mjøsa rundt med mor. I Mjøsa rundt med mor skildra Hatterud livet som homofil og funksjonshemma med bakgrunn i arbeidarklassen på bygda. Boka vann mange hjarte og fekk Kritikarprisen. Hatterud har også motteke Kritikarprisen, Bibliotekets litteraturpris og Fritt Ords Pris.

Informasjon
event image

No har Hatterud skrive ei bok om faren, Tor som han har kalt Far levde, og så var han død. Ei bok om traktormekanikk, trekkspelmusikk, heimebrenning og umåla furu. 

Landbruksmekanikaren Tor Hatterud kom frå generasjonar av praktiske menn, gard- og skogbrukarar og husmenn i Veldre i Ringsaker. Han skrudde alltid, hadde hender fulle av sår og merke, gjekk milevis på ski, snakka gamalmodig veldredialekt og viste kjærleik gjennom å vaske bil. Sonen Bjørn er alt anna enn nevenyttig. Han er ein homofil og funksjonshemma akademikar som jobbar i kulturfeltet i hovudstaden.

Kven var far til Bjørn? Og kva skjedde då faren døydde? Tor mista først kontroll over venstre foten. For første gong gjekk faren like sakte som den haltande sonen, og ein annleis samtale mellom far og son starta.

Noko av det siste Tor gjorde, var eit stort byggeprosjekt. Han glasa inn verandaen, laga eit lyst og luftig rom for sol og glede. Dette er ei forteljing om ein far som var ein heilt vanleg mann, og om liv og død. Møt forfattaren i samtale med programansvarleg Andreas R Meland.

Bjørn Hatterud (f. 1977) kjem frå bygda Veldre i Ringsaker kommune. Han er kulturskribent, kunstkritikar, kurator, musikar, er medlem av Kringkastingsrådet og lagar støymusikk. Han har tidlegare gitt ut Mot normalt (2018), Mjøsa rundt med mor (2020) og Blokka på Bjerke (2023).