page view image

Forfattarbesøk: Frode Grytten

Vi gler oss til å få Frode Grytten på besøk på Haugesund Folkebibliotek.

Informasjon
event image

Besøket er både etterlengta og etterspurd!

Grytten har skrive bøker i dei fleste sjangrar og har nådd eit stort publikum. Han har mellom anna vunne Rivertonprisen og Nynorsk litteraturpris, og bøkene hans er omsette til 17 språk.

Det kom ikkje som ei stor overrasking at Frode Grytten vann Brageprisen 2023 for romanen "Den dagen Nils Vik døde" - kanskje hans aller sterkaste bok så langt.

"Den dagen Nils Vik døde" er som ein dødsmeditasjon over eit liv og eit landskap. Det er ein roman om ein mann som berre har elska ei kvinne, og som elsker henne framleis, og som nå legg ut på si siste reise.

"Litterært gull! … Når jeg leser denne strålende boken om Nils Vik, skjønner jeg at jeg har savnet romanforfatteren Frode Grytten" SINDRE HOVDENAKK, VG - Terningkast 6

I hjartet av Norge legg ein båt frå land. Vi følger Nils Vik på hans siste reise. Han er ein enkel mann med ein enkel jobb. Han skal få folk over fjorden med båten sin, han skal få dei heim igjen. Men det som ser enkelt ut, viser seg gjerne å vere meir komplisert.

"Over fjorden går han. Over fjorden utan å nøle. Over fjorden som så mange gongar før. Seint og tidlig. Morgon og kveld. I storm og stille. Mot aust og mot vest. Bare måsane følger han, dei mumlar og klagar, verkar unaturlig kvite der dei heng over båten. Nils Vik snur seg. Huset glir straks ut av syne. Neste gong han snur seg, vil han ikkje kunne sjå det."

Restriksjoner

Kjøpte billetter refunderes ikke