page view image

Farmors og farfars krig – ei krigsseglarhistorie frå Sunnhordland.

Boka «Farmors og farfars krig» av Nicholas H. Møllerhaug kom nyleg ut til svært gode meldingar. Torsdag 14. november kjem forfattar Møllerhaug til Stord og Høgskulen på Vestlandet for å samtala med Sigurd Sandvold.

Informasjon
event image



Boka er ei oppsiktsvekkjande historie om den høgt dekorert krigsseglaren Einar Møllerhaug frå Tittelsnes i Valestrand. Han var med på angrepet på det tyske krigsskipet «Scharnhorst» og var og blant dei første som nådde franske strender på D-dagen i Normandie, juni 1944, i den allierte invasjonen og frigjeringa av Frankrike .

I samtalen vil Møllerhaug og Sandvold komma inn på livet til Møllerhaug og andre krigsseglarar frå Sunnhordland, kva dei var med på og kva konsekvensar innsatsen fekk både for dei sjølv og familiane deira etter krigen var over.

Arrangementet skjer i samarbeid med Stord Folkeakademi

Dørene opnar kl. 18.15

Restriksjoner

Kjøpte billetter refunderes ikke