page view image

Forfattarbesøk: Edvard Hoem - På vidvanke

I memoarromanen "På vidvanke" får lesaren eit innblikk i eit brennande engasjert og kompromisslaust skriveliv.

Information
event image

 Edvard Hoem skriv om dei første tre tiåra som diktar og dramatikar, politisk aktivist, ektemann og far. I hovudstaden, småbyar på austlandet og etter kvart i Bergen svingar pendelen mellom stor suksess og dundrande nederlag, sterk tru og ein minst like sterk tvil. Vegen heim til Fræna og slektsgarden var lang - helt til den ein dag ikkje lenger var det.

Frå det gamle huset på Hoem har forfattaren eit gjensyn med den unge, ikkje for å dømme, men for å forstå korleis tidene var, og korleis også den som er på vidvanke, kan finne djupare innsikt.

Edvard Hoem (f. 1949) har eit framståande og rikt forfattarskap. Han er ein prislønt roman- og biografiforfattar, dramatikar og salmediktar, poet og Shakespeare-gjendiktar. Hoem har motteke betydelege litterære prisar og blitt nominert til Nordisk råds litteraturpris fire gonger. I 2019 vart Hoem tildelt Brages heiderspris, og i 2020 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden «for framifrå innsats for norsk litteratur og kulturarv». Frå 2009–2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. Hoems slektskrønike, som opnar med Slåttekar i himmelen (2014) og endar med Husjomfru (2023), er trykt i over 500 000 eksemplar og har blitt hylla av både kritikarar og lesarar. I 2025 utga Edvard Hoem romanen Ung mann vil ut, den fyrste i ein serie memoarromanar tett på forfattarens eige skrivande liv.