page view image

Bokbad med Mona Høvring - "Soga om Fråid"

EVENT INFORMATION
event image

Litterær samtale:  Bibliotekar Ingrid Bie Helgesen skal samtala med Mona Høvring om hennar nyaste bok:
Soga om Fråid: hans meiningar og livskjensle: som også inneheld somme salige stunder
Endeleg! 10. november kan me ønske velkomen til Mona Høvring. 

«Soga om Fråid» er eit fabelaktig famileportrett av ein heilt vanleg uvanleg familie som har mottatt svært gode kritikkar.
I Urskogen 13 bur tenåringen Fråid, storebror Terje Eddipus og velse Eva. Far, skipperen Vulgaris er ofte vekke, og ein dag kjem stemor Demona de Sjavy og rokkar med familedynamikken. 
Romanen teiknar eit varm og innsiktsfullt familieportrett om å finne ut av det å vere ein familie, om sakn og draumar, og om fridomen til å kunne vere den ein helst vil vere. 

Mona Høvring er frå Karmøy, og har sidan debuten i 1998 etablert seg som ein kritikarrost og spanande forfattar som har motteke fleire prisar. Ho skriv dikt, kortprosa og romanar, og bøkene er omsett til mange språk. 
Arrangementet er støtta av Haugesund Mållag og Ungdomslag.