page view image

Forfattarbesøk: Maria Parr - om lesaren, litteraturen og det fortalde

Maria Parr er blant dei største norske barnebokforfattarane gjennom tidene. Med bøker som Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Oskar og eg har ho engasjert, rørt og underhalde barn og vaksne i over tjue år.

Information
event image


Innimellom barnebokskrivinga har Maria Parr også skrive tekstar for vaksne.Felles for desse tekstane er ei interesse for og undersøking av det som skjer i møte mellom ein lesar og ein skrivar. Om korleis tilsynelatande små og uviktige opplevingar kan vide seg ut og gi meining og betyding langt utover den personlege erfaringa.

Sjå, der går ein barndom er ei samling tekstar der Maria Parr tek oss med til det magiske landskapet barndom, til dei stemmene og forteljingane som inspirerte ho til å finne stemma si. Samlinga er ei kjærleikserklæring til biblioteka, til formidlarane og til alle dei som bidreg til å vide verda ut for lesarane. Boka dannar utgangspunkt for ein samtale mellom Parr og programansvarleg ved Haugesund Folkebibliotek, Andreas Risanger Meland.